Sigmund Årseth
Foto: Karen Hoyt

Om Sigmund Årseth

Sigmund Årseth er fødd i Hjørundfjorden på Sunnmøre i 1936, men busett i Valdres dei siste 45 åra.

I seinare år har Sigmund arbeidt mest med biletkunst, men tidlegare varierte det mellom skilt, fanemåling, husteikning, dekorasjonsoppdrag, restaurering og rosemåling.

Rosemåling førde han til USA for fyrste gong i 1965. Etter det har han hatt 1-2 turar dit i året og hatt utstillingar, kurs og dekorasjonsoppdrag i 19 statar. Dei fyrste oppdraga kom frå Norges Eksportråd og var knytte til deltaking på messer i store varehus.

Deretter vart det kurs for Vesterheim og elles i mange statar frå aust til vest. Det vanka utsmykkingsoppdrag og skaping av spesielle interiør, ikkje minst har det vorte mange resturantar i Chicago.

Sigmund har hatt utstillingar mange stader i Norge, og også i Sverige, Island, Tyskland, Austerrike, Sveits, England, Spania og Amerika.

Sigmund døde 12.12.2012, 76 år gamal.


Tilbake